Kategori: sjokolade

kakao-rolls-royce

 
Kakao Rolls Royce:
 7 dl heilmelk
1 dl fløyte
ca 3 ss sukker
3-400 g hakka kokesjokolade
Ha melka og fløyten i ein kjele. Ikkje høgast varme.
Spre sukker over heile botnen.
Varm opp til ca 70 grader. (Du skal kunna dyppa fingen nedi utan å skoldast.)
 Skru av varmen, hell melkeblandinga over kokesjokoladebitane.
 Rør.
Ha i ei lita ss romtemperert salta meierismør for fullendt, deilig dekadanse.

 

kakao-x-2

Kveldsåpent NRK P1

 
Heilt streit kakaobase:
  • 1 l melk (valfritt heil eller lett. Best med heil.)
  • ca 3 ss sukker
  • 3 ss kakaopulver
 
Ha melka i ein kjele.
Ikkje høgast varme.
Spre sukker over heile botnen.
 Varm opp til ca 70 grader. (Du skal kunna dyppa fingen nedi utan Ã¥ skoldast.)
Skru av varmen, ha oppi kakao og visp lett.
 
For Ã¥ gassa opp basen: –
Heile bitar av stjerneanis og ei kanelstang lagt til å trekka i basen nokre minutt.
 Julestemning dans l'arrivée. –
Finhakka chili og vaniljestang.
Rør inn ein klatt romtemperert meierismør (salta).
Silke har aldri vore så mjukt.
 
For dei vaksne: –
Ha i anten whiskey, rom eller konjakk. Smak til.
Tips: Ha i lettpiska krem på toppen som eit lokk.
Dette gjer at spriten ikkje fordamper vekk.
 

Loading...
X